Forsøk og vitenskap

Då vi fekk svært gode resultat i fiskeforsøka, bestemte vi oss for å prøve silderognekstraktet i dietten til andre dyr som mus og rotter. Resultata var svært gode og vi såg at viktige feittsyrer og andre stoff fann vegen bl.a til hjarte, hud og hjerne. Den viktigaste oppdaginga vi gjorde var i eit samarbeid med Universitetet i Singapore, der resultata viste at DHA bunde til fosfolipid (slik som i silderogn), gjekk gjennom hjernemembranen via ein aktiv transportmekanisme. Desse viktige resultata vart publiserte i tidskriftet ”Nature”, som er eitt av dei fremste i verda innan naturvitskapelege oppdagingar. Dette gav oss ”blod på tann” og vi bestemte oss difor for å gå vidare til kliniske studier på menneske. Eit pilotprosjekt saman med Universitetet i Bergen viste at oljen hadde effekt på glucose/insulin balansen, samt at nivåa av viktige Omega-3 feittsyrer auka monaleg. Eit anna interessant funn var at blodfeittet gjekk ned.

 

LAKTOFERRIN-PROTEINET

Basert på dei gode studieresultata og dei gode tilbakemeldingane vi fekk frå kundane våre i utlandet, lanserte vi eit eige kosttilskot i Noreg, under merkenamnet Romega.

Den første store kliniske studien vår viste at feittsyrene frå Silderognekstraktet går svært raskt inn i blodbanen til menneske samanlikna med ein svært god fiskeolje. Vidare såg vi at deltakarane tålte doseringa godt og at mange meldte om ”velbehag” ved inntak av oljen. Før denne studien vart gjennomført hadde vi kun selt oljen på 45 kilos fat til utanlandske kundar som brukte den både i eigne produkt og som ein ingrediens i etablerte produkt.

Første tida etter lansering av Romega i Noreg vil eg kome attende til i mitt neste blogginnlegg, saman med ein presentasjon av kompetansen til dei som jobbar i selskapet.

STANDARD STØRRELSE NETTSIDE (6)

Kontakt oss