Forskning i verdensklasse

Folka bak Romega

Fagmiljøet vårt her i Ørsta har vore aktivt heilt sidan 1997, då produksjonssjefen vår, Per Christian Sæbø vart tilsett som laboratoriesjef. I denne perioden jobba vi med andre feittsyrer frå andre kjelder,  men hadde stor suksess i USA og andre marknader med produktet CLA.

Sjølv om vi opp gjennom åra har vore tilsette i andre selskap her på huset enn Arctic Nutrition, har kjernekompetansen og arbeidet med oljar og feittsyrer vore sentralt i alle prosjekt. Eit sentralt punkt med tanke på dei innovasjonane vi har utvikla gjennom desse åra er at vi har ulik bakgrunn og ein breidde innan fagfeltet som vi ser på som spesielt verdfullt. Både kjemi, biokjemi, fysiologi, biologi, fysikk og teknologi er viktige i så måte. I tillegg er vi flinke til å tileigne oss ny kunnskap etterkvart som det dukkar opp nye og spanande ting. Romega er eit resultat av dette!

bilde
romega-runde

Romega i Norge

Ferdigproduktet Romega vart lansert våren 2017 og var i utgangspunktet eit prøveprosjekt. Vi hadde aldri tidlegare etablert vår eigen nettbutikk og vi var svært spente på korleis dette skulle gå. I starten gjekk det trått og vi fekk til fulle kjenne på den harde konkurransen i denne marknaden, sjølv om vi hadde eit produkt som var godt dokumentert. Først på hausten i 2017 løsna det skikkeleg, då vi vart profilerte på kveldssendinga til TV2. Vi var utselde på 3 timar! Dette tok oss litt på senga og nettbutikken kollapsa, slik at vi ikkje fekk sendt ut vare til tusenvis av kundar. Dette lærte oss at nasjonal profilering av kvaliteten på produktet er særskilt viktig for å lukkast i denne marknaden.

Frå ein forsiktig start i 2017 har vi no mange tusen kundar som dagleg brukar Romega. Fortsett med det!

Vi er mektig stolte av det vi har fått til i Ørsta med sterk vilje og god fagkunnskap og ser svært positivt på framtida! I neste blogginnlegg vil eg ta for meg korleis vi produserer Romega og kva som må til for å få eit ferdig produkt.

Skrevet av Hogne Hallaråker
Gründer og fagansvarlig for Romega.

Trykk her for å komme til reportasjen fra TV2, høsten 2017.
I november/desember 2018 ble de første resultatene fra studien vår på Haukeland Universitetssykehus i Bergen presentert. Trykk her for å komme til oppslaget!

Kontakt oss