Produksjon og verdikjede

Lokale samarbeidspartnere

For å sikre at kvaliteten på rogna er god, er vi alltid til stades ved fiskemottaka når sildefangsten kjem inn.

Her sjekker vi innhald av vatn, olje, farge og størrelse på rognkorna i prøver som vi tek ut  jamnt og trutt.

Fiskemottaka ligg i nærområdet vårt, så her snakkar vi kortreist!

54432773_811451995882658_871515092754104320_o
Deler av Arctic Nutrition-teamet på besøk hos fiskemottaket tidligere i år. 
STANDARD STØRRELSE NETTSIDE (9)

Behind the scenes bilder fra da NRK ble med oss til silderognmottaket vårt på Liavåg.
Ikke fått med deg innslaget? Trykk HER for å se!

Skånsom prosess

I fiskesesongen tek vi ut mange hundre tonn med rogn som vert frosen i blokker på 20 kg kvar og lagra på fryselager i nærområdet.

Romega er som kjent basert på den helsebringande oljen som vi finn i silderogn. Oljen vert ekstrahert etter ein prosess som vi har utvikla i Ørsta. Dette er ein svært skånsom prosess der vi heile tida passar på å ikkje la produktet kome i kontakt med oksygen eller unødvendig varme. Dette gjer vi for å halde Romega så fersk som mogleg.  Den ferdige oljen tappar vi på fat som vi deretter sender til kapselprodusenten i Fredrikstad. Det er denne produsenten som også lagar dei ferdige boksane med Romega, som vi har designa her i Ørsta. Herifrå vert boksane sendt ut til kundane våre via vår samarbeidspartner, som også ligg i Ørsta.

54353986_811451879216003_8674067808713179136_o
Alle parti av silderognen blir nøye kvalitetskontrollert og testet.
romega - slogen-4

 

I neste blogginnlegg vil eg ta føre meg den første lanseringa vi hadde på verdsmarknaden!

Skrevet av Hogne Hallaråker
Gründer og fagansvarlig for Romega

Kontakt oss