icon-account icon-glass
✓ Full fleksibilitet ✓ Ingen bindingstid ✓ Fri frakt
Forsøk og vitenskap

Forsøk og vitenskap

Då vi fekk gode resultat i fiskeforsøka, bestemte vi oss for å prøve silderognekstraktet i dietten til andre dyr som mus og rotter. Resultata viste at viktige feittsyrer som EPA og DHA fann vegen bl.a til hjarte og hjerne. Den viktigaste oppdaginga vi gjorde var i eit samarbeid med Universitetet i Singapore, der resultata viste at DHA bunde til fosfolipid (slik som i silderogn), gjekk gjennom hjernemembranen via ein aktiv transportmekanisme. Desse viktige resultata vart publiserte i tidskriftet ”Nature”, som er eitt av dei fremste i verda innan naturvitskapelege oppdagingar. Dette gav oss ”blod på tann” og vi bestemte oss difor for å gå vidare til kliniske studier på menneske. Eit pilotprosjekt saman med Universitetet i Bergen viste at oljen auka nivåa av viktige omega-3 feittsyrer. Basert på dei gode studieresultata og dei gode tilbakemeldingane vi fekk frå kundane våre i utlandet, lanserte vi eit eige kosttilskot i Noreg, under merkenamnet Romega.

Den første store kliniske studien vår viste at feittsyrene frå Silderognekstraktet går svært raskt inn i blodbanen til menneske samanlikna med ein svært god fiskeolje. Før denne studien vart gjennomført hadde vi kun selt oljen på 45 kilos fat til utanlandske kundar som brukte den både i eigne produkt og som ein ingrediens i etablerte produkt.

Første tida etter lansering av Romega i Noreg vil eg kome attende til i mitt neste blogginnlegg, saman med ein presentasjon av kompetansen til dei som jobbar i selskapet.


Eldre innlegg Nyere innlegg